Eit smart hus er ikkje dumt i morgon
— Steffen Herstad

Ta kontakt for ein uforpliktande prat!

steffen@berreel.no
tlf 994 72 681

 

Om Berre Elektro

Berre Elektro As vart skipa i 2020 av installatør og elektriker Steffen Herstad. Berre Elektro AS utfører jobber innen elektriske installasjoner og kan hjelpe deg med td. hus installasjoner, elbil lader, bygg automasjon (Smarthus), solceller og andre installasjoner.

Berre Elektro As skal vere ein truverdig rådgjevar som møter kundane sine behov!

Berre Elektro As utfører
elektriske installasjoner innan:

  • Bustad

  • Næringsbygg

  • Industri

  • Landbruk

  • Eksplosjonsfarlige områder

  • Skips- og maritime installasjoner

Lat det bli lys (og varme)

 

Det heiter seg om nokre at dei var fødd til det dei vart. Om ikkje Steffen var den fødde elektrikar, så var han i alle fall tideleg interessert i faget. 

– Eg trakka mine barndoms år eit godt stykke oppe i dalen i Naustdal, og vart tidleg interessert i tekniske duppedittar og korleis dei virka – eg var nok litt “klåfingra” og trykte på ting og «funksjonstesta» det meste, seier han og fortel at etter to tiår år i faget, trivast han framleis like godt med jobben.

– Eg finn spesielt stor glede i å få ting til å fungere igjen. Å fikse noko som er øydelagt, gjev ein god følelse når det er i orden att, men det kan vere svingande kjensler undervegs. Det er og spanande å byggje noko frå grunnen av. Det kan vere ein lang prosess helt frå planlegging til der ein jobbar med å leggje rør, kablar og montering av utstyr. Og når ein til slutt legg inn sikringen, og trykkjer på lysbrytaren, er det fremdeles like spennande å sjå om det blir lys i lampa. Det er artig med slike prosessar der ein startar med ingenting også endar ein med lys og varme til slutt. Det er det kjekkaste med yrket, samt nøgde kundar.

Steffen har no permisjon frå jobben offshore, og satsar 100% på Berre Elektro . 
– Målet er å skape sin eigen arbeidsplass. Eg er glad i yrket, og synast det er eit givande yrke. Det er travelt å vere både det som heiter faglig ansvarlig (installatør) og elektriker, men eg trivast i jobben. I starten er det privatkundar og mindre jobbar eg må sikte meg inn på. Så får vi sjå kor dette ender.

 

Brenn for smarthus og lys

Berre EL tek på seg alle moglege elektrikar-oppdrag, men brenn ekstra for smarthus og lyssetting.

– Fleirparten er nok ikkje like oppteken av dette som meg, men dette er noko eg brenn for og ønskjer å vise fram moglegheitene til fleire. Mange veit ikkje kva moglegheiter ein har , og får gjerne ikkje presenterer moglegheitane. Lyssetting er utrulig viktig, for å skape dei gode effekatane i eit rom. Det held ikkje å berre “kline opp” nokre spottar hist og pist og håpe på det beste. Det beste er å planlegge løysingar frå grunnen av, og tørre å bruke ulike typer lyskjelder.

- Innan smarthus kan gjere utruleg mykje med trådlause løysingar. Men har ein muligheten så anbefaler eg helst trådbaserte løysningar som KNX. Dette systemet har eksistert i over 25 år og utviklar seg stadig. Når eg vel smartløysingar er eg oppteken av nytte produkt som ein kan stole på fungerer i morgon, og vil fungerer framover i tid. System som har vist sin verdi, seier han.

 Kvifor smarthus?
– Eit smarthus er eit godt val: Det gir deg ein fleksibelt, framtidsretta heim, med gode løysingar i kvardagen.  Om du har installert smarte løysingar innan lys, varme og ventilasjon, så krev det berre nokre taste-trykk om du ønskjer å omdefinere om eit soverom til eit kontor, eller eit loftstove til eit soverom, så har du tilpassa rommet til ny bruk. Ved tradisjonelle løysingar kan det ver mykje meir krevjande å endre bruksområde slik, seier han. 
– Smarthusløysingar bidreg til fleksible bustadar, som kan endrast i takt med nye behov, moglegheiter og utfordringar som dukkar opp. Ein kan bruke teknologien til alt frå straumsparing til forenkling og automatiseriong av ulike prosessar. For eksempel at alt lyset kan slåast av med eit trykk, temperaturregulering i løpet av døgnet, ein kan regulerer lys og varme ulikt i ulike soner osv. Smarthus handlar om å finne gode løysingar som gjer til at ein kan oppnå fleire resultat med færre fysiske handlingar, seier han. 

 

Smarthus-teknologi bidreg til å løyse store samfunnsutfordringar 
 Herstad trekk fram smarthus som eit viktig satsingsområde, med stor samfunnsnytte.

– Smarthus-teknologi kan skape ein betre heim på mange vis, til dømes veg å gjere det mogleg for eldre/uføre/pleietrengande å bu lenger heime, tryggare. Det frigjer også ressursar i samfunnet som kan minske utfordringane i høve i eldrebølgja, seier han og held fram. 
– Det ventar ein del krav og utfordringar i framtidas elforsyning. Blant anna er det ønskeleg at vi brukar straum jamnare gjennom dagen, og unngår effekthopp. Då blir straumsparing og straumstyring viktige omgrep. Ein ser alt i dag at eit selskap som Tibber har etablert seg nettopp for å styre straumbruken unna toppane. Ein kan bruke teknologien til å få forhandsdefinerte funksjonar til å styre ulike aspekt av huset ditt i kvardagen. Endemålet er ein enklare kvardag, mindre straumbruk og ein tryggare heim. Det handlar om å bruke teknologien til å leve eit enklare og betre liv, i eit hus som spelar på lag meg deg i dag og i morgon.

IMG_7365.jpg

Steffen Herstad

Steffen har lang fartstid og brei yrkeserfaring som elektrikar, både frå næringsbygg, privatbustad, industri og offshore, og satsar no fullt på installasjonsarbeid i Berre Elektro AS.

Steffen gikk ut av elektrolinja på Øyrane vidaregåande skule i 1999, og byrja som lærling i ABB Installasjon i Førde same år. Der hausta han erfaring frå eit breitt spekter av oppdrag, både innan privatbustadar og næringsbygg. I 2009 byrja Steffen å jobbe offshore , som elektriker innan ventilasjon og kjøling. I 2013 byrja han i selskapet Songa Offshore, som elektrikar på flyterigg. Samtidig starta han på to årig utdanning innan elkraft ved fagskulen i Sogn & Fjordane, og hausten 2019 avla han Elektroinstallatør prøva. For å kunne vere faglig ansvarlig for eit firma som utfører arbeid på andres elektriske anlegg er det eit krav å ha bestått den, og bedrifta må vere registrert i elvirksomhetsregisteret.

Dette har gitt Steffen brei erfaring, med god kompetanse på motor styring og automatiserte prosesser. I det geografiske området Berrre elektro As operera i kjem hovudvekta til å bli på installasjonar i næringsbygg, industri, landbruk og bustadar: 
«Eg er nok ikkje best på noko, men eg er god på mykje». 

Steffen brenn og for smarte løsyningar, og bistår deg gjerne med å gjere din heim smartare og betre.